Kviteseid

Skulehelsetenesta

– Du treng ein vaksen å snakke med

– Har spørsmål kring seksualitet og prevensjon

– Har vanskar med mat og tankar om eigen kropp

– Er einsam, lei deg eller opplever sorg

– Har problemer med rusmidler, sjølv eller i nære relasjonar

Dette er eit lågterskel tilbod, så du treng ikkje bestille time.

Desse jobbar i skulehelsetenesta:

Psykisk helse barn og unge – sjukepleiar Ingunn Draugedal Birkeland og sosionom Kristin Brekke Moore

Helsesjukepleiar Tone Martinesen Heggtveit

Helsesjukepleiar har fast kontortid ved Kviteseid skule kvar torsdag frå kl. 11:00 – 14:30

Det er ikkje fast kontortid på grendeskulane, men planlagte besøk.

Helsestasjon for ungdom (HSU)

Eit tilbod til barn og unge frå 13 – 20 år.
Kvar tysdag i skuleåret frå kl. 14:00-16:30
HFU held til i lokala  til helsestasjonen, 2. etasje på Helsesenteret.

Du/de vil treffe helsesjukepleiar Vivian. Lege er tilgjengeleg i partalsveker frå kl. 14:00-15:30.

 

Snapchat: helsesysterkvs.

Psykisk helse

Du kan bed fastlegen din henvise deg til oss via e-melding til tenestekontoret. Du kan også sjølv ta kontakt med tenestekontoret og søke om tenester. Du finn meir informasjon om tenestekontoret og søknadsskjema ved å klikke på knappen under.

Tenesta  vår har 5 årsverk fordelt på 8 personar. Tilbodet omfattar individuelle samtalar, individuell praktisk oppfølging og gruppebaserte aktivitetar.

 

Dei 5 årsverka inkluderer ei 80% stilling som er øyremerka arbeid blant born og unge. Denne stillinga samarbeider tett med helsestasjon, grunnskulen og Kvitsund gymnas.

Kontora våre ligg i 2. høgda på Kviteseid helsesenter, Granlivegen

 

1. Gruppeaktivitetane har utgangspunkt på Krodokk dagsenter, Selandvegen 1.

Interkommunal psykologteneste (0-23 år)

Kommunane Nissedal, Fyresdal, Kviteseid, Seljord og Tokke samarbeider om ei interkommunal psykologteneste. Funksjonen blei oppretta i 2019, med barn og unge (0-23 år) som fokusområde.

 

Psykologtenesta består av to kommunepsykologer, som er organisert i eit team.

Psykologtenesta skal ivareta arbeidsoppgåver på fleire nivå. Sentrale arbeidsområde er helsefremjande og førebyggjande arbeid, planarbeid, kompetanseutvikling og å medverke til samordna tenesteutvikling i dei fem kommunane.

 

Psykologane rettleier og gjev fagstøtte til fagpersonar som treff barn og unge, og er med i tverrfagleg arbeid i dei ulike kommunale tenestene. Nokre gonger treff dei også barn, unge og foreldre direkte, til rettleiing, oppfølging og lågterskel behandling.

Kommunepsykologane heiter Henrik Eriksen & Guro Anna Wyller Odden.

 

Spørsmål til kommunepsykologane blir retta gjennom kontakt med helsepersonell som arbeider med barn og unge i kommunen.

Kommunepsykologane har hovudkontor i Seljord, Brøløsvegen 13 A. Dei disponerer kontor på helsesentra i dei andre kommunane og arbeider etter behov derfrå.

Informasjon oppdatert august 2021